Det vart ein ny overbevisande siger til Stryn sitt damelag i fotball då dei møtte Høyang til heimekamp fredag kveld. Bursdagsbarnet Anna Rekdal Johannsdottir (18) sytte for leiing etter 16 minutt, men mesteparten av moroa kom i andre omgang. Av kampens sju mål kom seks av dei etter kvilen.
Dette var laget sin femte siger på sju serierundar. Dei har enno til gode å tape på heimebane. Laget ligg på andreplass på tabellen med 16 poeng. Studentspretten i Sogndal leiar med sine 24 poeng, men har tre kampar meir spela enn Stryn.
Laurdag ettermiddag spelar herrane heimekamp mot Skavøypoll.
KAMPFAKTA
3. divisjon kvinner, Stryn Stadion, 25. mai kl. 19.00
Stryn -Høyang 5-2 (1-0)
1-0 Anna Rekdal Johannsdottir (16. min)
2-0 KatrinOppheim, straffe (55. min)
3-0 Katrin Oppheim (57. min)
4-0 SaeidehTajik (58. min)
4-1 Helene Birkeland Søreide (77. min)
5-1 MariellTaraldset (79. min)
5-2 Camilla Ueland Komperud (83. min)
Dommar:Kjell Dagfinn Alme, Sandane Assistentdommarar: Ruben PetersenHeggen, Heia og Erik Koopmans, Sandane
Kort: Ingen
Stryn:Anna-Sofie Engebø Auflem, Hege-Renate Glosvik Espeland, AstridSolheim Bjørke, Katrin Oppheim, Guro Myklebust, Hedda Vatn Øvreberg,Mariell Taraldset, Anna Rekdal Johannsdottir, Karoline NordheimOtterdal, Andrine Lødemel Bøe, Saeideh Tajik. Innbyttarar: Emma Njøten,Siv Visnes, Emilie Flo Stavik.
Høyang: Lise Marie Dønnem, Seren Bayar,Linn-Jeanette Dønnem Selnes, Anja Pettersen, Miriam Isabella MeelSkår, Guro Sagen Knudsen, Vanja Måredal Måren, Camilla Ueland Komperud,Tonje Pedersen Nesse, Helene Birkeland Søreide, Ulrikke Svedal Hellem.Innbyttar: Christine Helene Beinnes.