"You never walk alone", er slagordet til Liverpool FC. Det gjeld også for den engelske klubben sine supportarar i Stryn.

For nærare 200 hadde møtt fram til Champions League finalen mellom Liverpool og Real Madrid som vart vist på den utandørs storskjermen ved Isehaug laurdag kveld. Sjølv om det sikkert også var nokre generelt fotballinteresserte der, var det store fleirtalet Liverpool-fans.

- Eg såg èin person i Real Madrid-drakt. Som Manchester United-supporter var det med blanda kjensler eg viste kampen, men eg må tenkje forretning, ler drivar Jens Isehaug. At det gjekk som det gjekk, med siger til spanjolane, var difor lettare for han å svelje enn for mange av dei som hadde møtt fram.

- Men eg jubla ikkje høgt, smiler Isehaug.

Han fortel kampen var oppvarming til verdsmeisterskapen i fotball som byrjar om tre veker.

- Då skal vi vise alle kampane på storskjermen ute.