Det siste året har TV 2 flytta inn i nye lokale både i Bergen og Oslo, og heilt nye studio har blitt bygd opp frå grunnen av. Ein systemingeniør frå Stryn kan ta ein stor del av æra for korleis desse er blitt.

- Ein scenograf teiknar og designar utsjånaden og eg teiknar og designar det tekniske. Så samlar vi dette og lagar eit felles prosjekt og økonomisk underlag. Når dette blir godkjent startar arbeidet med å få dei ferdig innan tidsfrist og økonomiske rammer, forklarar Berstad.

Sjølvutvikla: Her jobbar Svein Henning Berstad med kamerarobotics-systemet som TV2 sjølve har utvikla. Eivind Frøystad ligg på bakken og Einar Jan Eriksen står til høgre i bildet. Foto: Anders Tomren/Eivind Netland

- Skal passe både høg og låg programleiar

Det siste året har vore svært hektisk med fem nye studio i Bergen og eitt i Oslo. 38-åringen frå Lindset i Stryn fortel at det er mange omsyn ein må ta når eit studio skal byggjast.

- Det er mange ulike delar som skal passe saman. Det estetiske står ofte i konflikt med det akustiske, og det må takast omsyn til kjøling og ventilasjon. Store videoskjermar er ofte ein viktig del av studioa og desse er teknisk krevjande. På eit tidspunkt skal programleiarane inn i prosjektet, dei har sine ting å kome med – det vere seg stolar, bord, siktlinjer og andre praktiske ting. For eksempel er Arill Riise høg, Morten Sandøy er noko lågare,  men studio må kunne passe for begge, forklarar prosjektleiaren.

Meiningar: Det er mange omsyn å ta og programleiarane sjølve skal også ha eit ord med i laget. Foto: Anders Tomren/Eivind Netland

- Harmonerer ikkje alltid med scenografen sin idé

Berstad fortel vidare at også lyssetting kan vere komplisert med låg takhøgde og mykje eller lite ambient lys, og til slutt kjem produsentane på bana med sine ønskjer og krav til kameraplassering og produksjonsplan.

- Og det harmonerer kanskje ikkje alltid med scenografen sin ide. Men vi jobbar oss gjennom det. Til sjuande og sist skal alt vere testa og klart til det skal på lufta og den datoen er ofte relativt fastlåst, seier Berstad.

Ein viktig del av jobben for Berstad er å finne den optimale løysinga mellom det estetiske og teknisk funksjonelle. Her frå det nye studioet i Oslo. Foto: Goran Jorganovich / TV 2

Dei fleste av dei nye studioa er no å sjå i bruk på TV 2; Sportsstudio, nyheitsstudio, vêrstudio og FotballExtra.

Skal tilrettelegge for virtuell plassering i studio

Når det ikkje er nye studio på gang i TV-kanalen går arbeidstida til Berstad meir til vanleg drift og vedlikehald, utskifting av utdatert utstyr, oppgradering og vidareutvikling av dei interne studioa. Men til hausten ventar eit nytt spennande prosjekt.

Skjermar er ein viktig del av studiodesignet. Men til hausten skal Berstad vere med å legge til rette for AR grafikk, der virtuelle objekt kan plasserast i rommet. Foto: Anders Tomren/Eivind Netland

- Nyheitsstudio i Bergen, kalla Studio D, har til hausten vore på lufta i eitt år. Komande haust får dette studioet AR-grafikk. Det betyr at vi kan plassere virtuelle objekt i rommet og dermed sleppe å legge all informasjon i skjermen bak nyheitsanker, men også framfor og ved sidan av, slik at vi får meir dybde og dynamikk i bildet. Dette er eit prosjekt eg starar etter sommarferien.