Onsdag vedtok fylkestinget å løyve halvparten av dei åttemillionane som Arena Stryn hadde søkt fylkeskommunen om. No eroptimismen stor for at eit etterlengta første byggesteg kan starte.

For om ikkje spaden er komen i jorda, så er den i alle fall ute avboda.

– Ja, eg trur vi kan seie det slik, smiler prosjektleiarKjell Opheim.

– Dette tilskotet er eit veldig viktig steg på vegen.Vi ser føre oss at vi no skal lukkast med å kome i gang tilhausten, seier han og idrettslagsleiar Jonn Beinnes. Dei toforkjemparane for Arena Stryn passar på å gi stor ros tilpolitikarane som tala prosjektet si sak. Dei innrømmer likevel atdei hadde håpa på endå litt meir tilskot frå fylkeskommunen.

– Vihadde håpa på fem millionar, då hadde dei matcha kommunen sittbidrag. Men ser ein dette opp mot prosjektet i Florø får viprosentvis større støtte, seier Opheim. Hallprosjektet til 124millionar ved kysten fekk ei løyving på 10 mill. Også skytebane iFjalerhallen fekk ei løyving på 1,5 mill.

No er dei innstilt på å gjere ein offensiv jobb for å fåinn dei siste fire millionane, slik at byggesteg ein med basishallkan byrje.

– Vi skal bruke litt tid no på søknader til bankane,seier Beinnes. I tillegg har dei ulike alternativefinansieringskjelder dei vil prøve, og der signala har vorepositive. Prosjektet ligg også inne på førsteplass på fylket si prioriteringsliste til spelemidlar, omlag sju millionar.