Sonja Øvre-Flo (H) var mellom dei som tala hallprosjektet si sak i fylkestinget onsdag, og er glad det kom til ei løysing. Men den sat langt inne fortel ho.

– Ja, det var ein lang debatt og ikkje sjølvsagt at dette vart resultatet. Sp, MDG (Miljøpartiet de grønne), halve KrF og SV ville utsetje tildeling til budsjettprosessen i desember. Det gjekk heldigvis ikkje slik, seier Øvre-Flo. Ho fortel at hennar eige parti, saman med Frp og Venstre, kjempa for fem millionar til Arena Stryn.

– Men Ap meinte at prosentvis tildeling utifrå søknad vart for stor til Stryn i forhold til Florø og Fjaler, fortel ho. Også klatrevegg til Sogndal fotball på 500.000 kroner vart diskutert, men denne vart av prinsipielle grunnar teken ut, då den ikkje var med i fylkestingvedtaket frå desember der eit einstemmig ting vedtok å få opp ei sak på tre namngjevne anlegg - altså fotballhall i Florø, skytebane i Fjaler og Arena Stryn. Klatreveggen vart votert over i eige punkt og fekk til slutt dei omsøkte 0,5 millionane. Votering over dei tre anlegga vart 18 mot 13 røyster.

– God stemning i turnmiljøet

Arena Stryn er eit prosjekt i tre delar, med basishall, fleirbrukshall og ein næringsdel. Det er Hugaas AS som er entreprenør for heile prosjektet.

Dei som først får glede av hallprosjektet er turngruppa i Stryn. Med basishall på plass, ventar ein heilt ny kvardag for ei av dei største gruppene i idrettslaget.

Arve Aaning er leiar i turngruppa i Stryn Turn og IL. Foto: Thomas Thaule

– Det er veldig god stemning i turnmiljøet for dette vedtaket. Med denne hallen får vi ein boltreplass på 23x44 meter, i staden for 10x20 meter, seier leiar av turngruppa, Arve Aaning. Han syner til dagens løysing i gymsalen i ungdomsskulen, og dreg også fram at større plass betyr at dei kan ta til seg fleire turnarar og at desse får mykje betre vilkår for å utvikle seg.

Beinnes og Opheim trur at løyvinga frå fylket, og forhåpentlegvis snarleg oppstart, sender viktige signal med tanke på finansiering av vidare byggesteg.

– Vi trur dette vil ha ein effekt i høve næringsliv og private når vi er i gang å grave, seier dei.