Kva er vestlendingen sitt symbol? Når Hordaland og Sogn og Fjordanegår saman i eitt fylke i 2020, skal vi finne eit nytt fylkesvåpen -eit symbol som bind oss saman, eit teikn som uttrykkjer fellesskap,kva det tyder å vere vestlending, det som er våre særmerke ellerhistoriske forankring.

Du kan gje oss ditt forslag, og vere med påå stemme fram folkefavoritten! I den opne innspelsrunden fram til20. juni kan alle som vil, sende inn sine forslag til nyttfylkesvåpen for Vestland fylkeskommune. Mange har alt nyttasjansen: etter om lag éin månad har det komme inn over 300 forslag.Vi ønskjer oss endå fleire.

For at vi skal kunne finne det bestesymbolet, er alle innspel viktige. Å få ei tilbakemelding på kvaakkurat du meiner er eit verdifullt råd til oss i dette arbeidet.Ved å sende inn forslag og delta i nettavstemminga om folketsfavoritt kan du gje oss eit råd om kva merke vi bør velje.

Samlingsmerke for vestlendingen

Det nye fylkesvåpenet vert eitsymbol for det nye fylket og markerer ein ny felles identitet.Våpenet vil bli synleg i alle fylkeskommunen sine verksemder, ogfigurere på alt frå nettstader, brevhovud, bygningar og bussar. Viskal finne eit samlingsmerke som flest mogleg kan identifisere seg.Det må seie noko om oss som bur her: Er det vestlandsnaturen,kulturen, historia vår, næringsverksemdene eller andre ting sombind oss saman? Korleis kan dette framstillast i eit fylkesvåpenmed krav til utforming og fargeval?

Nettavstemming og premiar

Deiforslaga som kjem inn i den opne innspelsprosessen skal handsamastav ein fagkomité og ein folkejury. Kvar skal dei plukke ut 10forslag. Desse vil så bli lagde ut til nettavstemming blant alleoss som bur i Hordaland og Sogn og Fjordane. Her kan du stemme pådin favoritt, og vinnaren av avstemminga får folkefavorittpremienpå 25.000 kr. Gjennom denne breie prosessen håpar vi at alle somynskjer det får sagt si meining og delt sine tankar om det nyefylkesvåpenet med oss.

Kva er eit våpenmerke?

Bruk av våpenmerkehar lang tradisjon, og er kjend i alle fall attende tilmellomalderen. Dagens våpenmerke til Sogn og Fjordane og Hordalandhar i dag ulik tilnærming. Eitt symboliserer stadeigen natur oglandskapsform, og eitt har historisk bakgrunn. Fylkesvåpenet tilHordaland viser ei krone over to krosslagde øksar. Motivet vartgodkjent i 1961, men er kjend frå 1344 og henta frå St. Olavsgildetpå Onarheim på Tysnes. Krona er kongekrona til Olav den heilage, ogøksane er helgenmerket hans. Fylkesvåpenet for Sogn og Fjordanevart godkjent i 1983, og har ein abstrakt, moderne form. Merket erknytt til stadeigen geografi: dei tre blå fjordane Nordfjord,Sunnfjord og Sognefjorden. Sølvbotnen er symbol for landskapetmellom fjordane. Begge merka har vorte sterke og gode symbol forulike regionale identitetar. No er det ei ny tid, og vi skal viforme ny identitet.

Avgjerd hausten 2018

I løpet av hausten vertbåde folkefavoritten og dei 19 andre finalebidraga inspirasjon iein designkonkurranse. Etter at designkonkurransen er avhalden vilfagkomiteen vurdere dei ferdige bidraga og foreslå eit av dei tilnytt fylkesvåpen. Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sognog Fjordane som saman vedtek det nye merket. Det viktigasteutgangspunktet er likevel innbyggjarane sine innspel i prosessensom går fram til 20.juni. No spør vi om din idé til eit samlandevåpenmerke for det nye fylket. Vi ser fram til alle innspel!

Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør næring og kulturSogn og Fjordane fylkeskommune

Per Morten Ekerhovd,  fylkesdirektørkultur og idrett Hordaland fylkeskommune