Spørsmålet om kva som skal skje med den eine delen av utstillingshallen har vore tema i årevis og tysdag skal saka igjen opp i kommunestyret. Førre fredag vart det halde synfaring av området kring utstillingshallen der både Fylkesmannen sin miljøvernsjef og representantar for Indre Nordfjord Fjordhestlag og Stryn Sau og Geit var tilstades.

Les også: Kan ikkje godta ein avtale vi ikkje har sett

I følge saksframlegget held Fylkesmannen fast på si uttale om bruk av det statlege sikra området og Fjordhestlaget og Sau og Geit skal vere inneforstått med dette.

I saksframlegget står det at dei to har gitt uttrykk for at dei vil tilpasse seg denne situasjonen.

I vurderinga frå rådmannen viser han til områdeplanen for Stryn sentrum, inkludert området med utstillingshall og utstillingsplass. - I den samanheng vil det truleg bli aktuelt med vurdering av anna utnytting av denne staden. Avtalen innber utleige i 15 år, men er oppseieleg, skriv rådmannen med følgande framlegg til kommunestyret tysdag:

1: Stryn kommune leiger ut utstillingshallen med parkeringsplass til Indre Nordfjord Fjordhestlag og Stryn Sau og Geit i samsvar med vedlagde avtale (sjå avtaleutkastet i botnen av saka)

2: Dersom leigetakarane ikkje ynskjer å inngå avtalen slik den ligg føre, vert den gamle delen av utstillingshallen (aust/vest) riven saman med resten av bygningen.

Avtale mellom Stryn kommune og Indre Nordfjord Fjordhestlag og Stryn sau og geit

  1. Stryn kommune skifter taket på den eldste delen av utstillingshallen (aust/vest- hallen) og føretek nødvendige reperasjonar slik at bygget framstår som intakt. I tillegg til skifting av tak omfattar dette utbetring gavlvegg mot aust og rehabilitering av kontor.

  2. Indre Nordfjord fjordhestlag (INFL) og Stryn Sau og Geit får høve til å disponere bygget til sine føremål i samsvar med denne avtalen.

  3. Oppstalling av hestar i hallen skal avgrensast til kortidsopphald, her definert til maks fem døgn, og skal ikkje vere regelmessig eller ha preg av fast oppstalling.

  4. Organisasjonane etter pkt. 3 får høve til å innleie samarbeid/inngå avtalar med andre om bruk/disponering av hallen. All bruk må vere i samsvar med gjeldande planføremål.

  5. Organisasjonane etter pkt. 3 skal dekke kommunen sine kostnadar til ordinært vedlikehald, straum, avgifter og forsikring etter årleg oppstilling frå kommunen. Fordeling av kostnadene mellom laga skjer dei i mellom. Fjordhestlaget vert fakturamottakar.

  6. Avtalen omfattar uteareal med slike avgrensingar: Parkeringsplassen sør for hallen, gnr 57/188. Uteområdet kan disponerast av INFL kvar måndag og onsdag frå kl 16.00 til 21.00 og første helg kvar månad, frå laurdag kl 09.00 til søndag kl 21.00. Uteområdet skal brukast på ein slik måte at det ikkje vert forringa på grunn av slitasje, og leigeforholdet skal ikkje medføre ulemper for andre brukarar. Det skal ikkje settast opp gjerde eller andre faste installasjonar på området. Aktivitetane skal ikkje vere til hinder for trafikk på Øyravegen.

  7. Kommunen er utan ansvar dersom det skulle stå bilar parkerte på det gjeldande utearealet når fjordhestlaget skal bruke området.

  8. Avtalen gjeld i 15 år frå vedtaksdato i kommunestyret. Organisasjonane etter pkt. 3 skal ha førsterett til forlenging av avtalen. Eventuell ny avtale skal leggast fram for politisk handsaming.

  9. Avtalen kan gjensidig oppseiast med 6 månaders frist.

  10. Dersom avtalepartane ikkje blir samde om tolking av denne avtalen, skal den, med verknad for partane, avgjerast ved voldgift av ei voldgiftsnemnd der kvar av partane oppnemner ein representant og der lensmann gjer teneste som leiar.

I framlegget til avtalen er det astså føreslått at INFL kan nytte grusplassen og grøntarealet i det sikra friluftsområdet to kveldar i veka og ein kveld i månaden. Det meiner Fylkesmannen vil føre til konflikter.

- Det statleg sikra friluftsområdet på Tonningsøyra er eit startpunkt for turar i eit stort løypenett over Stryn sentrum og er parkeringsplass for turgåarar, skriv Fylkesmannen og viser mellom anna til at dette friluftsområdet er hyppig brukt av speidargruppa i Stryn.

- Samla gjer desse aktivitetane at området er i bruk svært ofte. Fjordhestlaget ønskjer å bruke grusplassen og grøntområdet til riding og køyring med hest. Grusplassen er i dag nytta til parkeringsareal for turgåarar og speidarar, og vi ser at sambruk av dette arealet kan bli konfliktfylt. Vi tvilar derfor på at punktet i avtalen om at leigeforholdet ikkje skal føre med seg ulemper for andre er realistisk, heiter det i vurderinga frå Fylkesmannen som har følgande konklusjon.

- Ut frå ei samla vurdering av fordeler og ulemper av eventuell sambruk av området ser vi at dette kan bli konfliktfylt over tid. Ut frå retningslinjene til statleg sikra friluftsområde skal det allmenne friluftslivet prioriterast i slike område. Vi ønskjer derfor å legge til rette for at området i større grad vert nytta som utgangspunkt for turgåing. Som representant for grunneigar av det statleg sikra friluftsområdet ser vi oss nøydde til å avslå førespurnaden om å tillate at Indre Nordfjord Fjordhestlag kan nytte det statleg sikra friluftsområdet på Tonningsøyra, skriv Fylkesmannen.