Kommunestyret avsette 850.000 kroner i budsjettet til driftstilskot til turløyper og idrettsanlegg for 2018. Dei avsette midlane vart overført til kulturbudsjettet og av saksframlegget går det fram at det har vore misforståingar om korleis desse midlane skulle fordelast.

Rådmannen skriv at saka skal oppklare og avklare fordelinga av midlane som vart avsett i kommunestyret i desember i fjor.

- Ein har valt å nytte restmidlar og tildele Stryn Vinterski AS tilskot etter søknad som vart sendt kommunen hausten 2017. Tildelinga er i tråd med intensjonen om å sikre god drift og utvikling av Stryn Vinterski AS framover, og bruk av midlane som var avsett i 2018, skriv rådmannen som legg vekt på at drift ved Stryn Vinterski AS er viktig for både innbyggjarar og tilreisande i Stryn.

- Vi kjenner til at drifta i slike anlegg kan vere varierande, ikkje minst i høve klima og ver. Årets sesong har vore god og vi håper det og vil verke positivt inn på driftsresultatet til Stryn Vinterski AS, heiter det av vurderinga.

Kommunestyret skal ta stilling til korleis budsjettramma på 850.000 kroner nyttast. Midlane er tilrådd fordelt slik:

Tildelt Turløyper AS før utlysing 550.000 kroner (400.000 + årleg driftstilskot på kr 150 000)

Framlegg til fordeling i skule- og kulturutvalet: Kr. 300.000

Restmidlar: Kr. 250.000

Midlar til fordeling: Kr. 550.000

SØKJARSØKNADSSUMTILDELING
Olden IL25.00020.000
Veten IL350.00065.000
Markane IL200.00080.000
Breimsbygda Skisenter50.00015.000
Vikane IL30.00030.000
Oppstryn IL100.00035.000
Hardbagg IL175.000(55.000?)
Sum300.000

2. Stryn Vinterski AS får eit driftstilskot for sesongen 2017-2018 på kr 250 000,-

Saka handsamast tysdag