Ordførar Sven Flo (H) orienterte kommunestyret tysdag om situasjonen kring Singerheimen som kan føre til at kulturskatten i Olden kan bli selt. Singerheimen har alt vore i dialog med fylkeskommunen om eit eventuelt sal.

- Men ettersom Singerheimen er i Stryn kommune synes eg det er viktig at vi tek del i diskusjonen om kva som skal skje med bygget. Det er altfor verdifullt for oss til å la dette segle sin eigen sjø, sa Flo frå talartolen.

Styret for Singerheimen skal ha gitt utrykk for at dei ønskjer å ha Stryn kommune med i diskusjonen om bygget si rolle og framtid.

Aksept Sven Flo fekk tydeleg aksept frå kommunestyret for å gå i dialog med Singerheimen på vegne av Stryn kommune Foto: Roger Oldeide

Fleire gjekk på talarstolen for å gi uttrykk for den verdien Singerheimen har for Olden og Stryn og den viktige kulturhistorien som bygget representerer.

- Det er veldig viktig at Singerheimen kan få stå som den kulturskatten den er, så eg meiner kommune bør ha ei hand på rattet i denne saka, sa Kari Synnøve Muri (Krf)

- Som næraste nabo av Singerheimen synes eg det er veldig bra at kommunen ønskjer ei hand på rattet. Det verste som kan skje er at bygget blir selt utan føringar, sa Silje Åsnes Skarstein (Sp)

- Eg tolkar dette som ein aksept for å gå i dialog og bli ein part i denne saka, sa Flo

Styreleiar for Singerheimen har gitt uttrykk for at museum eller hotell kan vere aktuelle løysingar til bærekraftig drift. Styret har alt utarbeidd ein plan for utviding frå 14 til 28 rom med ein prislapp på ca. 13 millionar kroner.