Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli anslår at vindstyrken som traff Sande Camping i Lodalen tysdag ettermiddag var mellom 20 og 25 meter i sekundet, noko som tilsvarar liten storm i kasta.

- Det er den geografiske utforminga av Lodalen som gjer at vinden var sterkast der. Lengden på Lovatnet og høgda på bølgene mot Sande Camping tydar på vinkast opp mot 25 meter i sekundet. Bølgende var oppe i 40 til 50 centimeters høgde, så det var ganske bra trøkk på vinden der inne mellom klokka 14.30 og 15.30, seier Fagerli.

Vinden kom plutseleg saman med ei torebyge og førte til at fleire trær i Stryn gjekk i bakken.

Statsmeteorologen kan også melde om mange lynnedslag i fylket natt til onsdag.

Lesarbilete Bilete av lynnedslag teke frå Tomasgard natt til onsdag. Dette var eitt av heile 1300 lynnedslag i fylket på 24 timar Foto: Stian Tvendeseter

- Mellom klokka 21 tysdag kveld og 09 onsdag er det registrert 1300 lynnedslag i Sogn og Fjordane og mykje nedbør. Det er venta meir nedbør onsdag. Det skal i alle fall hjelpe godt mot tørken, seier han.

Han legg til at det kjem ein kald front over fylket som vil føre til kaldare temperaturar dei neste par dagane.

- Det vil seie mindre varmt, for det vil ligge på rundt 20 grader, seier han.