Morten Ørn, einingsleiar i Vest politidistrikt, seier i fredagens utgåve av Fjordingen at «det er ikkje vanleg å sende politipatruljer til denne type hendingar i Vest politidistrikt. Politiet er ikkje dimensjonert for å handtere alt…»

Uttalen kjem i samband med Møreekspressen som køyrde av vegen med 55 passasjerar om bord, og der operasjonssentralen i Bergen bevisst valde å ikkje sende ut lokalt politi. I staden stolte operasjonssentralen på meldinga frå Nettbuss om at ingen var skadde og at det ikkje var noko dramatikk i samband med utforkøyringa. Begge deler har vist seg å vere feil.

Ørn seier at det etter trafikklova ikkje er gjort skille mellom buss og privatbil når det gjeld krav til varsling av politiet. Om trafikklova ikkje skiller, så er det uansett politiet si oppgåve å etterforske og finne årsak når eit offentleg transportmiddel køyrer av vegen, med stort skadepotensial for mange menneske. Utforkøyringa på Dispen var dramatisk nok. Og det var små marginar frå å kunne blitt ei katastrofe. Når Ørn seier at «det ikkje er vanleg å sende politipatruljer til denne type hendingar i Vest politidistrikt», er det fjernt frå det politidistriktet vi kjente før samanslåinga mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Og det er ein uttale som bør interessere Politidirektoratet. Den såkalla nærpolitireforma vert ei fjernpolitireform og det som verre er, når den som sit på vakt ved operassjonssentralen hindrar lokalt politi i å etterforske saka skikkeleg, ved ikkje å sende dei til ulukkesstaden. På generelt grunnlag vil politiet til dømes ikkje kunne finne ut om ein sjåfør har vore påverka eller kunne avhøyre vitne på staden når dei vert hindra av sine eigne i å gjere jobben.

For ein einingsleiar i politiet er det sikkert viktig å skåne sine eigne mot kritikk. Då er det enkelt å vise til paragrafar og avvise kritikk utanfrå. Også politiet kan gjere feilvurderingar. Ein kjem betydeleg betre frå det ved å innrømme at denne saka kunne og burde vore handtert annleis, enn å vise til paragrafar for å fortelje at det ikkje er forskjell mellom personbil og buss. For det veit alle at det er.

Det er ikkje eit slikt politi vi er vande med i denne delen av Vest politidistrikt. Vi er vande med å ha eit nærpoliti.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør