Bildet av Norges og klodens vêr og klima i framtida blei teikna i Oslo torsdag under eit frukostseminar som klimaforskingssenteret Cicero inviterte til. Der blei det lagt fram tal og fakta om årets rekordar, samanhengen med klimaendringar og ny forsking om somrane i framtida.

Seniorforskar Gunnar Myhre i Cicero sa at forskarane ser eit mønster med større år til år-variasjonar på nedbør og til dels også på temperatur.

– I tillegg blir vêret meir intenst. Vi kan ha lange periodar med tørt vêr, og så kort og intensiv nedbør. Dette er heilt klart ei utfordring for landbruket. Det våtaste blir våtare, det tørraste blir tørrare. Det er ein gjengangar, sa han.

Global oppvarming vil føre til meir nedbør i Norge.

– Det blir større variasjon mellom dei våte og tørre somrane. Det er stor forskjell allereie, men den kan bli enda større, sa han.

Hyppigare heitebølgjer

Klimaforskar Rasmus Benestad ved Meteorologisk institutt peikte på at forskarane ser eit globalt mønster der varmerekordar kjem oftare enn dei ville ha gjort dersom klimaet hadde vore stabilt.

– Forskingssamarbeidet World Weather Attribution har rekna på årets heitebølgje. Dei kom til at den var mykje meir sannsynleg på grunn av klimautslepp. Fleire rapportar viser ein auke i heitebølgjer, sa han.

Sommarens heitebølgjer var uvanleg særleg på grunn av varigheita. Ein gjennomsnittleg sommar har eit snitt på nær 12 døgn med middeltemperatur over 20 grader. Så langt i 2018 har vi hatt 50 slike dagar. Den førre rekorden frå 1947 var på 37 døgn.

Spørsmålet forskarane stiller seg, er om årets heitebølgje er eit teikn på eit nytt klima.

– Over hundre klimasimuleringar viser at det ikkje vil vere så stor endring for kaldare somrar fram mot år 2100. Det same gjeld for gjennomsnittssomrar. Men når det gjeld dei varme somrane, vil heitebølgjene bli mykje lengre i framtida, sa Benestad.

Oppsiktsvekkjande mange soltimar

Statsmeteorolog Bente Wahl ved Meteorologisk institutt fann at talet på soltimar var noko av det mest oppsiktsvekkjande med sommaren vi har bak oss.

I Oslo var det heile 1.067 soltimar. Vi må tilbake til 1959 for å finne førre rekord på 950 soltimar. På tredjeplass kjem 1979 med 887 soltimar i dei tre månadene mai, juni og juli.

Målingane går berre tilbake til 1952, så forskarane veit ikkje kor mange soltimar det var sommaren 1947 då Sør-Norge blei ramma av den verste tørken i manns minne.

Det er dei svært høge temperaturane i kombinasjon med det høge talet på soltimar som har gitt tørken vi har sett. Nokon rekordsommar når det gjeld nedbør, eller mangel på nedbør, blei det ikkje i 2018. Årets sommar er heilt nede på 8.-plass av tørre somrar som er målt.