Bondelaget meiner regjeringa sviktar klimavennlege bønder

Bondelaget etterlyser eit klimafond for landbruket og meiner regjeringa ikkje følgjer opp tidlegare stortingsvedtak.

Oppgitt Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes. Her under årets bondefrukost framfor Stortinget i april.  Foto: Marianne Å. Friess / NPK

abonnent

– Eg er oppgitt over at regjeringa ikkje følgjer Stortingets fleirtal om eit klimafond som vil bidra til nødvendige klimainvesteringar i landbruket, seier Norges Bondelags leiar Lars Petter Bartnes.

Han meiner at den verste tørkesommaren på over 100 år har vist at det er stort behov for effektive verktøy for å møte klimautfordringane i landbruket. Under behandlinga av jordbruksoppgjeret i vår bad eit fleirtal på Stortinget regjeringa om å greie ut og komme tilbake med ein modell for eit klimafond i statsbudsjettet for 2019. Det har ikkje skjedd.