Ordførar i fyrrig dans

 – Dette var elektrisk, sa juryen om Stig Olav Lødemel og dansemakkaren sin spanske «Paso Doble»
abonnent

Propellhallen i Volda var fylt til randen under arrangementet «Må vi danse» laurdag. Hornindalsordførar Stig Olav Lødemel inntok parketten saman med Therese Cleve-Stiansen frå «Skal vi danse».

Dei framførte dansen «Paso Doble» som vart rost i skyene av juryen med mellom andre ordførarkollega i Volda, Jørgen Amdam.