Lesarinnlegg

Stans Stortinget sin skadelege sjukehus-sentralisering

Anders Hamre Sveen  Foto: Gunnhild Sindre (arkiv)

abonnent

I eit innlegg gjekk nyleg fylkesstyremedlem i Senterkvinnene i Sogn og Fjordane Trude Klingenberg imot sentraliseringa av helsetenestene som gjer at tenestetilbod forsvinn frå Indre Sogn. Ho har heilt rett i at det går føre seg ei skadeleg sentralisering innan helsetenestene. Det er heilt rett at det er på tide å ta oppatt kampen om fødetilbod i Lærdal. Eg vil leggje til at Nordfjord Sjukehus òg må få tilbake ei fullverdig fødeavdeling.

Sentraliseringa innan sjukehusa går føre seg i heile Noreg. Om vi ser på fødetilboda spesielt, så har det vore ei reduksjon i talet på fødeinstitusjonar i Noreg frå 160 til 45 i løpet av dei siste 40 åra. På nettstaden Fri Fagbevegelse vart det i januar 2019 publisert eit intervju med Hanne Charlotte Schjelderup, som er leiar i Jordmorforbundet. I intervjuet åtvarar Schjelderup mot at fire fødeavdelingar på Innlandet, i Møre og Romsdal og på Helgeland no står i fare for å verte lagt ned.