Lastebileigarar og sjåførar kritiserer einsidig pristenking

Norges Lastebileierforbund og Yrkestrafikksjåførforbundet meiner bedrifter som kjøper transporttenester, tenker for mykje på pris og ikkje nok på sikkerheit.

Illustrasjonsfoto   Foto: Tor Erik Schrøder / NPK

abonnent

Leiar Jim Klungnes i Yrkestrafikksjåførforbundet meiner dei som kjøper transporttenester er altfor lite bevisste på ansvaret sitt, skriv VG.

– Dei har eit juridisk ansvar som er lite handheva og praktisert. Mykje handlar om billegaste pris, med då må transportkjøparane tenke på kvifor det er så billeg, seier Klungnes, som sjølv er yrkessjåfør.