Små og store deltok på Strynehalleikane

Det var duka for både sterke resultat og morosame duellar då Olden IL, Oppstryn IL og Stryn Turn og IL arrangerte dei årvisse Strynehalleikane.

Citius, altius, fortius- raskare, høgare, sterkare: Gutar 8 år i full fart på 40-meter i Strynehallen. F.v.:Erik August Flo-Thorsdal, Noah Heggestad Ommedal, Hermann Konstali-Lødemel, Ulrik Hauge Otterdal.  

abonnent

I første kategori vil vi trekke fram 14 år gamle Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden IL som held fram med å imponere i sprint. Han sprang inn til 5,58 på 40 meter.

– Her er det vanleg å trekke frå to tideler sidan det er manuell tidtaking. Under 5,4 er ei veldig sterk tid, kunne Hans Petter Galtung hos arrangøren slå fast.

Høgt nivå: 14-åringen Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden sprang 40-meter på 5,58. 

 

Sporty veteranar

I kategorien morosame duellar fann vi dei fire veteranane Jarle Fretheim Konstali-Lødemel, Sveinung Otterdal, Terje og Lars Guddal. Dei møttes til dyst på 40m, og her var det Lødemel som sigra med 5,89 føre Lars Guddal med 6,15.

Veterantreff: Sveinung Otterdal, Jarle Konstali-Lødemel, Lars Guddal og Terje Guddal får opplyst tidene etter 40-meteren av Tor Guddal. 

 

I kuleøvinga heiv også Per Jakob Tunold seg med. Oppstryningen støtte den 7,26 kg tunge kula 9,69 og vann med det fire små cm føre lagsfrende Lars Guddal.

Omlag 60 deltok i den 33. utgåva av arrangementet, der det også vart konkurrert i lengde og høgde.

Høgdehopp: Lovise Blakset Guddal (8) smyg seg over lista.