Feiringa i gang under fantastiske rammer

abonnent

Under ei strålande sol på ein vårblå himmel trakka hundrevis av smilande barnehageborn, skuleelevar, lærarar, foreldre, besteforeldre, korpsmusikantar og andre seg gjennom Stryn sine gater i føremiddag. Og truleg like mange hadde stilt seg opp for å sjå toget gå si faste rute frå Strynehallen, via Bruagrenda og til Omsorgssenteret.