Lesarinnlegg:

Ynskjer vi frivilligsentralar i framtida?

Stryn frivilligsentral.   Foto: Sigrid Heggestad

abonnent

Det er store strukturendringar i landet vårt. Kommunar blir slått saman, fylka blir til regionar og midt i det står folket. Det same folket er verdens beste i frivilligheit. Mange hundre om ikkje tusen organisasjonar er fylt av menneske med engasjement, omsorg, entusiasme og heiarop. Dei stiller opp for nærmiljøet sitt i kriser og på «godveirs-dagar». Midt i dette står frivilligsentralane!

I Norge er det 461 frivilligsentralar. Dei har fått blomstre og vokse i 30 år. Fleire grupper i samfunnet, gjerne dei som fell litt utanfor har fått tilbod gjennom frivilligsentralen. Mange av deltakarane bur i institusjonar i kommunane. Dette har vi fått til gjennom samarbeid med etatar og andre organisasjonar. På aktivitetane er alle velkomne.

Dei frivillige jobbar for å skape eit fellesskap og gode kvardagar der vi tek vare på kvarandre uavhengig av alder, fysikk, etnisitet og kjønn. Frivillige er der for alle. Frivilligsentralane var initiert av Storting og Regjering for 30 år sidan. Heile tida har sentralane hatt direkte overført tilskot frå staten. Dette for trygge og sikre drift og kontinuitet. Kommunereforma gjer at det statlege tilskotet til Frivilligsentralane fell vekk frå 2021, Frivilligsentralane vert då avhengige av at kommunen aukar tilskotet sitt tilsvarande i budsjettet for å kunne oppretthalde vår rolle som organisator til frivillige organisasjonar og aktivitetar som vi samarbeider om.

Dei 461 frivilligsentralane i landet fryktar kva dette vil bety for frivillig innsats i kommunane. Det bør vere eit unisont krav frå alle lokal- politikarar, uansett parti, å krevje at Stortinget opprettheld støtta si Det bør vere eit unisont krav frå alle lokalpolitikarar, uansett parti, å krevje at Stortinget opprettheld støtta si. Dersom du er glad for at det er frivilligsentral i kommunen din, dersom du ønskjer at vi skal halde fram med arbeidet i sentralen, treng vi di hjelp.

Uansett kva du stemmer, uansett om du stemmer – krev at lokalpolitikarane våre skal stille seg bak kravet: «Frivilligsentralane skal framleis få driftstilskot frå staten!» Vi treng at lokalpolitikarane våre aktivt støttar oss inn mot sentralmakta!

For Stryn frivilligsentral v/styret:

Anders Magne Vik

Åse Flo

Lasse Nedreberg

Ole Jonn Torheim

Inger Hoff

Marit Sandnes Skrede, leiar