Stryn:

Sp, Ap og KrF i Stryn i forhandlingar

F.v. Haldor Hove (Ap), Per Kjøllesdal (Sp) og Kari Synnøve Muri (KrF) er sentrale når dei tre partia forhandlar om kven som skal bli ordførar og varaordførar i Stryn.  Foto: Bengt Flaten

abonnent

Senterpartiet, Arbeidarpartiet og KrF har sidan tidleg tysdag ettermiddag sitte i forhandlingar, med mål å bli samde først og fremst om kven som skal bli ny ordførar og varaordførar i Stryn. Senterpartiet var den store vinnaren av valet i Stryn i år med 34 prosent oppslutning og ni plassar i kommunestyret. Saman med Ap sine fire representantar har dei to partia fleirtal i det nye kommunestyret. Med KrF sin eine representant i ein samarbeidskonstelllasjon, vil fleirtalet i tilfelle bestå av 14 representantar. Mindretalet beståande av H (8), Venstre (2) og Frp (1) tel til saman 11 representantar.