Hafsås med årsbeste i maraton

Årsbeste: Etter ein to månader lang maratonpause var Hafsås tilbake med årsbeste i Eikefjord.  Foto: (arkiv) Harald Vartdal

Fra papir

Helge Hafsås frå Olden IL tok laurdag sin maratonsiger nummer 175 under det nystarta Eikefjord maraton. Tida 2.49.21 er klart årsbeste for Hafsås.

Han forbetra med dette også sin eigen norgesrekord i tal på maratonløp under 3 timar til 227. Hafsås har ikkje delteke i maratonløp sidan juli månad grunna skader.

Inge Asbørn Haugen, Hornindal IL, fullførte sitt maratonløp nummer 529.