Det er hundre år sidan ungdomshuset Aldaheim stod ferdig, og no skal det feirast med filmpremiere, kake og folkefest.

Opningsfesten var fjerde juledag 1916 etter mange år med draumar, planlegging og dugnad frå heile bygda. Festen laurdag 19. november, hundre år seinare, er for å markere at dette både er og har vore den store samlingsplassen i bygda.

-Mange har gjort mykje for huset og laget, og no vil vi gje noko tilbake, seier leiaren i Olden ungdomslag, Jogeir Agjeld når vi møtest til «tjuvpremiere» hjå Filmdigitalisering AS og Steinar Hilde. Det er han som har hatt ansvaret for å setje saman 160–170 timar med lyd, bilde, 8 og 16 mm film og også videokassettar, til ein film på 84 minutt om Olden.

Filmkomiteen samansett av Jarle Skåre, Osvald Olsen, Margun Skarstein, Berit Melheim, Jan Atle Vangberg og Aage Eide frå styret for hundreårsjubileet for laget i 1984, og «nykomarane» Jogeir Agjeld og Anne Toril Vangberg frå dagens styre, har vore innsamlarar, rådgjevarar og til sist også korrekturlesarar. Produktet har blitt godt. Spennande. Illustrerande. Det viser hundreårshistoria til Olden på ein framifrå måte, og det stettar målsetjinga om å heidre bygda.

-Filmen skal ikkje kopierast for ålmenta. Det blir premiere med kake for 200 på dagtid i Aldaheim 19. november, og ny framsyning om kvelden. Då blir det dans etter filmen, fortel Agjeld. Vi har rettane. Filmen vil bli vist under Oldedagane, og elles om folk ber om det, men den kjem aldri på sal, seier Agjeld med støtte frå resten av komiteen. Dette er ein film der folk skal sjå i lag, og gle seg i lag over historia til heimbygda.

Ei historisk oppleving

Vi skulle kanskje stogga her og lete alt over til sjåarane, men vi kan lette litt på sløret. Målet var å spegle bygdelivet gjennom hundre år. Landbruket som hovudnæring, industriell utvikling og krydra mitt litt humor. Ikkje minst frå revyen på Oldedagane.

Utgangspunktet var tenkt litt smått om ei historie kring ungdomshuset, men det vaks til ei historie om bygda og det har dei greidd. Budsjettet kom på 200.000, men med dugnadsånda som rår i bygda skal dei ro det heile i land.Ikkje uventa står Oldesongen sentralt, og vi fylgjer koret kring bygda i vakre naturbilete. Gamle bilde med laksefiske på oldebukta, korn på staur og ungdomsflokkar på sætervollen har blitt levande gjort gjennom godt filmarbeid. Vi ser bygda gjennom ulike tidsepokar, og Ingolv Muri og Egil Støle er forteljarar saman med opptak frå fleire andre av dei eldre i bygda. Reiselivet kjem med, og seinare også konfeksjonsindustrien. Olden–Innvik er med både på godt og vondt, og naturleg nok har Singer ein brei plass. Han hadde midlar både til å setje fart i vegbygginga og til å nulle ut gjelda då Aldaheim stod ferdig.

-So løje vi hadde det, var kommentaren frå ein av komitemedlame då glimta frå Olderevyen kom på skjermen. Oldedagane har bunde folk saman, lokka folk heim og difor er det også at filmen skal stillast til rådvelde når folk kjem heim anten det er jul eller sommar.Her er starten på Nordfjord Kjøtt, opning av Olden Helsetun, gleda over ny skule, framsteg med elektrisk kraft og sist men ikkje minst den vakre naturen.

Kyrkjestriden er med, men ikkje kaistriden. Dette er først og fremst filmen for ei bygd med «Aldaheim» som det store samlingspunktet.

Godt handverk: Steinar Hilde har gjort ein kjempejobb med å "sy" saman gamalt og nytt frå Olden.