Under halvparten kan livreddande førstehjelp

Her lærer elevar livreddande førstehjelp som var ein av fleire aktivitetar ved kaia i Stryn i haust. ILLUSTRASJON  Foto: Roger Oldeide

Fra papir

Berre fire av ti kan utføra livreddande førstehjelp her i landet, viser ei undersøking.

– Det er urovekkjande at så mange er usikre på korleis dei skal redda eit liv, seier Fredrik André Aasebø i Røde Kors Førstehjelp til Bergens Tidende.

I undersøkinga organisasjonen har gjort kjem det mellom anna fram at berre 38 prosent av oss veit korleis ein skal handtere sirkulasjonssvik, som til dømes hjarteinfarkt.

Kva ein skal gjera ved symptom på hjerneslag er det heller ikkje mange fleire som veit.

For å betre kunnskapen tilbyr Røde Kors Førstehjelp førstehjelpskurs til bedrifter. I fjor deltok 30.000 tilsette, fortel avisa.

Interessa har auka kvart år sidan 2009. I år håpar organisasjonen at endå fleire bedrifter kjøper førstehjelpskurs. Slik trur dei også den generelle beredskapen i samfunnet blir betre.

For å betra hjelpetilbodet har Røde Kors Førstehjelp inngått eit samarbeid med Apotek 1 om å registrere alle hjartestartarane i Norge.

– Når folk ringjer 113, skal registeret til AMK-sentralen ha oversikt over kor det finst hjartestartarar, slik at dei kan gje publikum beskjed om kor dei kan springe og hente ein hjartestartar, seier Aasebø.

(NPK)

Fra papir