Første nordmann i Funchal Maraton

Forbrødring på finaledagen: God stemning mellom Inge Asbjørn Haugen og franske konkurrentar under Funchal Maraton, same dag som Norge og Frankrike spelte VM-finale i handball. Foto: Privat 

Fra papir

Som einaste norske deltakar sprang Inge Asbjørn Haugen (63) frå Horindal IL inn til tida 3:57:59 i Funchal Maraton på Madeira i helga.

Dette var honndølen sitt tredje maratonløp for sesongen.

– Eg er godt nøgd med tida, under 4 timar og årsbeste igjen, seier han til Fjordingen.Haugen vart nummer seks av i alt 12 deltakarar i klassen.

– Heilt OK, seier Inge Asbjørn Haugen, som legg til:

– Det er litt kjekt å vere første og einaste nordmann som har delteke. Men eg bør ikkje bli den siste! Det har vore ei fin veke!