Slutt på bussproduksjonen i Stryn

Styret i Vest Buss har bestemt seg for å avvikle bussproduksjonen i Stryn. Dette vart meddelt dei vel hundre tilsette fredag føremiddag.

  Foto: Harald Vartdal

Fra papir

- Planar retta mot ei avvikling av bussproduksjonen i Stryn er eit logisk steg med tanke på utviklinga av komplettbussar som kjenneteiknar den norske og svenske marknaden. Vest er den einaste frittståande buss-karrossør i Skandinavia. Avgjerda må difor sjåast som ei tilpassing til denne utviklinga og kjem ytterlegare til å styrke vår stilling som leverandør av Irisbus/IVESCO sitt komplette bussprogram i Sverige og Norge, opplyser dagleg leiar i Vest Buss Gruppen, Per Dag Nedreberg, i pressemeldinga som vart sendt ut etter allmannamøtet fredag føremiddag.

Vest Buss Industri AS har sidan 1965 produsert busskarosseri på chassis frå fleire produsentar. Det er gjennom åra produsert 4.350 bussar, på det meste over 200 per år.



Bakgrunnen for at styret i Vest Buss Gruppen AS torsdag bestemte seg for å starte ein prosess som tek sikte på å avvikle eigen bussproduksjon i Stryn, vert forklart med sviktande etterspørsel og reduserte volum.

I pressemeldinga vert det synt til at Vest Buss Gruppen dei seinare år har hatt ei positiv utvikling.

- Vest i Norge og Sverige driv i tillegg til karosseriproduksjon, verkstadrift i Stryn, Lillestrøm, Arna i Bergen og Helsingborg og startar no også verkstad i Haugesund. Vest har sidan slutten av 2008 selt 280 Irisbus/IVECO bussar i Norge og Sverige. Verksemda, der det også inngår sal av busskomponentar og deler, kjem i år til å få ei omsetning på over 400 mill NOK med eit tilfredsstillande resultat, hetier det i pressemeldinga.

Vest eig også 80 prosent i Vest Innova AS som utviklar komplettbussar med ny teknologi som gjev lågare vekt og drivstofforbruk.