Festarrangør får ros frå politiet

Fra papir

Politiet som var på staden under Oktoberfesten i Stryn gjev ros til til arrangøren Stryn Ping Pong-club for måten festivalen vart arrangert på.

Det var rundt 2400 personar samla i og rundt Oktoberfest-teltet laurdag, men etter tilhøva gjekk det fredeleg føre seg.

Politiet opplyser at det i etterkant av Oktoberfesten vil bli oppretta fire saker: Ein person vil bli meld for å gje falsk personalia, medan to personar blir melde for drikking på offentleg plass. Ein person blir meld for ordensuroing i rusa tilstand.

Alle forholda skjedde i nærleiken av festivalområdet.

Fra papir