Dobbeltdekkarane er på veg

Dobbeltdekkar tilsvarande dei som kjem i rute på nattbussen til og frå Oslo. Denne er frå Nettbuss sitt svenske søsterselskap Bus4You. (Bilete utlånt frå Nettbuss) 

New Articles

Frå nyttår vart det endring i ekspressbussrutene mellom Nordfjord og Oslo. Ettermiddagsruta Måløy-Oslo og Oslo-Måløy vart lagt ned. Det vert dermed berre to daglege avgangar i kvar retning, ein dagbuss og ein nattbuss.

Samstundes vart det etabert ei ny rute Ulsteinvik-Stryn som korresponderer med buss til/frå hovudstaden.

Og her kjem det nyheiter inn: Nattavgangane mellom Ulsteinvik og Oslo skal køyrast av dobbeltdekkarar med 64 sete, der halvparten av andre etasje har oppgradert komfort med betre plass og berre tre sete i breidda. Avgangane i begge retningar skal køyrast av ein silk toetasjes buss.

To dobbeltdekkarar er no på veg for å bli sette inn på strekninga. Bussane står for augneblinken for klargjering i Drammen.

Deretter ventar opplæring for sjåførane på strekninga, før bussane blir sette inn i trafikk.


- Dobbeltdekkarane er høgare enn vanlege bussar, vil dette skape problem i tunnelane på Strynefjellet?

- Dobbeltdekkarane er 4 m, så dei er litt høgare enn dei som går der no. Men det finst lastebilar som er høgare som trafikkerer fjellet, og dobbeltdekkarane har vore prøvekøyrde på strekninga. Det er klart at når du møter bussar og lastebilar i desse tunnelane, så må du ned i liten fart uansett. Tunnelane er og blir trange, seier Svein Arne Vik.

- Kva med vind? Høgare bussar vert vel også meir utsette når det bles kraftig?

- No er desse bussane litt kortare. Dei andre er 15 m, desse er litt over 1 m kortare. Dermed blir det ikkje så store skilnaden når det gjelder vindflate, seier marknadssjefen.

- Når vert det dobbeltdekkar med ekstra plass på nattbussen frå Stryn?

- Går du på nettsidene våre ser du at frå 18. januar er det to val på nattbuss Stryn-Oslo. Nettbuss Express Pluss er den avdelinga i dobbeltdekkaren som har ekstra komfort, seier Svein Arne Vik, marknadssjef i Nettbuss Travel AS.