- Fleire av landets fremste fagfolk har prioritert å kome hit

Nils Petter Hauge ønskte velkomen til ME-konferansen i Stryn, og takka for at fleire av landets fremste fagfolk innan ME hadde prioritert å kome til konferansen.   Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

I to dagar er det no helsepolitisk/biomedisinsk konferanse om sjukdommen ME i Stryn.

- Det er svært positivt å registrere at så mange har kome hit, ikkje minst det store spekteret av faggrupper som har meldt seg på. ME som tema er noko som engasjerer, og sikkert utfordrar mange av oss frå ulike ståstadar. Legar, sjukepleiarar, ergoterapeutar, fysioterapeutar, kiropraktorar, tannlegar, lærarar, psykologar, politikarar – fleire grupper kunne vore nemnde, sa Nils-Petter Hauge, som representerte inititativtakarane og ønskte velkomen til første dag av ME-konferansen.

Dette var ein fagdag mynta på helsepersonell, og rundt 65 personar sat i salen då konferansen opna.

I dag er det open dag, mynta på "folk flest", helsepolitikarar, NAV og andre offentlege institusjonar. Rundt 120 er påmelde til denne delen av konferansen.

Det store spekteret viser at ME treff mange, påpeika Hauge innleiingsvis.

- Tidvis direkte – på barneskulen, eller ungdomsskulen, en kollega, ei tante eller ein pasient – andre tider indirekte – i det vi møter pårørande som nyttar alle sine krefter til å støtte opp og bidra til at den ME-råka kan leve om ikkje eit fullverdig liv, så i alle fall eit liv til å holde ut. Også denne gruppa treng ulike former for støtte om dei og skal leve tilnærma normalt.

Tysdag: Salen i ferd med å fyllast opp av helsepersonell til fagdagen på ME-konferansen.  

Nils-Petter Hauge retta ei takk til familien Skrede som har arbeidd i lang tid for å få til konferansen, og takka samstundes føredragshaldarane som har kome til konferansen.

- Vi er så heldige at fleire av landet sine fremste fagfolk og forskarar innan feltet har prioritert å kome hit. Det er vi stolte av, men først og fremst er vi glade,  nettopp fordi vi veit at kunnskap er den nødvendige starten på utvikling og endring, sa Hauge, som i si velkomshelsing avslutningsvis sveipa innom Hegel sitt prinsipp om tese-antitese-syntese:

-  Den tyske filosofen Georg Hegel introduserte begrepa tese-antitese-syntese, som synleggjorde det faktum at ny kunnskap i form av syntese byggjer på ein tidlegare prosess prega av motsetningar, nedfelt i tesar og antitesar. Det gode med faglege diskusjonar og motsetningsforhold er nettoopp at dette skjerpar og utviklar. Ny kunnskap pressar seg frå mellom gjennom isen. Kunnskap som ikkje alltid sikrar at vi gjer det som er korrekt, men som kan hindre at vi nesten aldri gjer det som er feil. I forskningsøyemed er ofte det vel så viktig som det motsatte. I løpet av dei to dagane som no ventar, ser vi verkeleg fram til å lytte til syntesane innan ME-forskninga!