Dei fleste pyntar seg for å feire nasjonaldagen. Men sjå nøye på bildet av dei flotte damene over: Bildet er teke 1.542 m.o.h.!

Fjellet er Skårasalen, ein av toppane i Sunnmørsalpane, og det var Tindekvindene som tok feiringa av nasjonaldagen litt på forskot i går.

Tindekvindene er eit ope forum for kvinner. Det vart oppretta hausten 2011 av Hilde Maria Nicolaisen og Birgitte Fondevik, og målet er å inspirere til , byggje fellsskap og gje naturopplevingar, samhald, spenning og meistring. Og kjolane? Dei høyrer med, meiner Tindekvindene. Kjole har dei i sekken, og viser til at dei første kvinnelege tindebestigarane gjekk på tur i stakk og kjole.

Under Stryn Rando 3000 møtte Tindekvindene ei gruppe lokale, fjellglade damer frå Stryn, Stryn Fjellfin. Sidan har damene hatt fleire turar saman. - Kvivsvegen har opna opp for at fleire blir med og går i vakre Sunnmørsalpane, mitt paradis, seier Hildegunn Standal Dragsund, busett i Loen.