Hollywoodproduksjon til Flofjellet

Matt Damon til Stryn?

Hollywoodproduksjonen "Downsizing" med Matt Damon i hovudrolla skal spelast inn i Stryn. Opptaka på Flofjellet er rett om hjørnet.

Frå Mars til Stryn? Matt Damon kan vere på plass i Flofjellet i Stryn allereie om ei veke. Her frå blockbusteren "The Martian"  Foto: 20th Century Fox / Filmweb

Stort - Det er altså snakk om ein skikkeleg Hollywoodproduksjon, seier reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Geir Steinar Vik.  Foto: Privat

Lineproducer Per-Henry Borch i Truenorth Norway AS har vore med å lagt til rette for Hollywood-innspeling på Vestlandet.  Foto: Privat

New Articles

Det er ingen ringare enn Paramount Pictures som står bak produksjonen. Filmen "Downsizing" har igjennom insentivordninga fått 4,5 millionar kroner i tilskot frå Norsk Filminstitutt.

- Det er altså snakk om ein skikkeleg Hollywoodproduksjon. Dette er ikkje noko småtteri, seier reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Geir Steinar Vik.

Regissør på synfaring

Det vart nylig gitt løyve frå Stryn kommune til helikopterlanding for teknisk befaring og filminnspeling ved Ångelsvatnet på Flofjellet i Stryn. Opptaka er aktuelle allereie i veke 30 og 31, altså frå neste veke.

Komande helg skal den amerikanske filmregissøren Alexander Payne på synfaring i dette området. Flofjellet skal vere eitt av fire lokasjoner på Vestlandet der delar av filmen skal spelast inn. 

Fagre Stryn: Ångelsvatnet på Flo­fjellet i Stryn er lokasjon for filminnspeling, truleg allereie frå neste veke.   Foto: Mariann Nedre-Flo

Stjernespekka

- Under denne synfaringa skal regissøren avgjere kva slags scener som skal spelast inn der. Det avgjer kven av skodespelarane som kjem til Stryn, seier lineproducer i Truenorth Norway AS, Per-Henry Borch til Fjordingen.

Hollywoodstjerna Matt Damon har altså hovudrolla i den elles stjernespekka filmen. Av andre stjerner kan det nemnast Alec Baldwin, Christoph Waltz, Kristen Wiig og Neil Patrick Harris. Filmen "Downsizing" skal ifølge Borch ha 200 tilsette.

Filmen handlar om at mennesker krympast for å gjere dei mindre ressurskrevjande. Damon, kjend fra mellom andre "The Martian" og filmane om Jason Bourne, speler ein mann som blir krympa og plassert i eit nytt samfunn for krympa mennesker.   

- Veldig positivt

- Dette er veldig positivt. Det er fantastiske områder her med kvalitet på tilrettelegging for effektiv produksjon. Det kan på sikt gi fleire produksjonar og fleire arbeidsplassar, poengterar reiselivssjef i Destinasjoon Ålesund & Sunnmøre, Geir Steinar Vik

Vik kan og opplyse om dei andre områda på Vestlandet som får besøk frå Hollywood.

- I tillegg til Stryn, så er det Sykkylven, Stranda og Norddal, seier Vik til Fjordingen. Han legg til at dette filmprosjektet kan opne dører for fleire store filmproduksjonar i Norge og Vestlandet.

Regissøren av "Downsizing", Alexander Payne, er kjend for filmar som Citizen Ruth, About Schmidt, Sideways og The Decendants. 

Ifølge The Internet Movie Database skal filmen etter planen ha premiere i desember 2017.