Skal ha blitt frarådd å gå Via Ferrata

- Diverre er det mange som undervurderar denne turen, seier leiar av Loen Active.

Oppmodar - Vi oppmodar om å nytta guide, eller ha med seg folk som har gått Via Ferrata tidlegare, seier dagleg leiar av Loen Active, Erik Brendefur. (Arkivfoto)  Foto: Fjordingen

New Articles

Dei fem turistane som i natt vart berga ned frå Via Ferrata skal alle ha vore menn i 20-åra frå Kuwait. I følge dagleg leiar av Loen Active, Erik Brendefur, skal desse ha blitt frarådd om å gå Via Ferrata då dei leigde seg klatreutstyr torsdag.

- Dette var medisinstudentar som ville opp i veggen. Dei skal ikkje ha virka ikkje særlig fjellvand og skal ha vore frarådd å gå, seier Brendefur som sjølv ikkje tok i mot desse turistane.

- Dei insisterte på å gå turen. Vi kan uansett ikkje nekte nokon å klatre Via Ferrata, poengterar han.

Mange involvert i bergingsaksjonen

Brendefur fortel at det var seks stykker av denne gruppa som leigde seg utstyr. Ein av dei skal ha snudd tidlig, medan resten ikkje ga lyd frå seg før rundt klokka 21 etter at dei hadde dei satt seg fast i fjellveggen. Dei skal ha først ha ringt alarmesentralen.

11 personar frå Olden Raude Kross og fleire frå Sunnmøre Alpine redningsgruppe var involvert i bergingsaksjonen i natt.

- Det var eit godt samarbeid som førte dei fem kalde turistane ned, seier Vegard Tonning i Olden Raude Kross.

Ein erfaren guide frå Loen Active skal først ha tatt seg opp til turistane. Han skal i følge Brendefur ha vore på plass en dryg time etter dei meldte frå om at dei satt fast på omlag 600 meters høgde. Etter fleire nattetimar i veggen er alle berga ned i tryggleik. To av dei har mindre skadar.

Ferdsel på eige ansvar

Luftig Via Ferrata er populær klatretur, men den er lang og fysisk utfordrande for dei utan erfaring.   Foto: Kaia Johnsen Viki

- Kven som helst kan ta denne turen?

- Det er eit ope anlegg. Vil du klatre så er det ingen som stoppar deg. Det er ferdsel på eige ansvar. Det skriv ein og under på når ein leiger seg utstyr, seier Brendefur.

- Kan det merkast betre at dette kan vere ein krevjande tur?

- Det er skilta om at all ferdsel i Via Ferrata er på eige ansvar. Det er oftast på hausten at dette skjer. Det er ein tidkrevjande og fysisk utfordrande tur. Er ein uerfaren så er det lettare at ein ein mørknar ute, seier Brendefur.

Anbefalar bruk av guide

Brendefur fortel at det har vore fem, seks slike redningsaksjonar i Loen dei siste åra.

- Det er som regel utanlandske turistar utan erfaring med norske fjell som set seg fast. Det er diverre mange som undervurderar denne turen, seier Brendefur.

- Kva gjer Loen Active for å unngå slike situasjonar?

- Vi oppmodar om å nytta guide, eller ha med seg folk som har gått Via Ferrata tidlegare. Vi oppmodar og at folk går tidlig slik at dei ikkje mørknar ute, seier Brendefur.