"Doskåla" og "Luftslottet" er mellom forslaga:

No kan du vere med og finne namn til nyehytta

Kva skal barnet heite? Skålaslottet og Skåla Panorama er mellom forslaga. 

New Articles

Bergen og Hordaland Turlag ber om namneforslag til den nye sikringshytta på Skåla.

I følgje turlaget har det alt kome inn mange gode forslag: Skålatårnet turisthytte, Skåla, Skålaslottet, Skålahiet og Skåla Panorama er nokre av forslaga.

Andre er "meir kreative", i følgje turlaget sin nettstad: Doskåla, Tallerken, Vidvinkel, Koppen, Luftslottet og Romskipet er nokre av desse.

Bergen og Hordaland Turlag tek imot namneforslag på si nettside.