Norgescup i hopp:

- Ein fantastisk bakke

Det vanka skryt av Bjørkelibakken under Norgescupen laurdag.

Imponert over anlegget - Ein fantastisk bakke, fastslår (f.v) Tonje Bakke i Elverum Hopp, Ingebjørg Bråten i Etnedal Hopp, Eva Elise Johansen Amble i Ullensaker Skiklubb, Astrid Louise Baarset i SK Botne og Hanna Midtsundstad Vaaler IF (Alle i NTG) tok del i Norgescupen i Bjørkelibakken.   Foto: Roger Oldeide

New Articles

Dag ein av to av Norgescupen i hopp i Bjørkelibakken er unnagjort. 85 hopparar og 25 kombinert-løparar var i aksjon framfor omlag 50 tilskodarar laurdag.

NTG/LNC- hopparen Lars Halvdan Buraas i Hurdal IL vant kombinertklassa med 23 deltakarar. Lars Ivar Skårset i Søre Ål IL, tok andreplassen og Espen Dahlhaug Bjørnstad i Byaasen Skiklubb tok tredjeplassen.

Markane IL- hopparen Eskil Kveen var det lokale håpet laurdag. Han gjekk inn på ein 17. plass i kombinert-klassa.

På heimebane Eskil Kveen gjekk inn på 17. plass i kombinertklassa laurdag. Ny sjanse søndag.  

- Eg var nøgd med hoppet mitt på 83,5 meter, men det gjekk litt for tungt i sporet idag. Eg har vore litt sjuk, så eg får satse på betre resultat imorga. Topp-15 er målet på søndag, seier Eskil til Fjordingen.

Vinnar av dagens hopprenn K90 vart Tel Ørn- hopparen Jarle Eikehaug i IF Trønderhopp med 254,5 poeng. På andreplass kom Christian Brenna i Ake Hakadal IL Kollenhopp og på tredjeplass kom Sander Vossan Eriksen i Oslo Bækkelagets SK Kollenhopp.

Dagens lengste hopp var målt til 102,5 meter. Det var det Skimt-Ski hopparen Stefan Jeremiassen som sto for.

Bjørkelibakken Været tok seg opp utover dagen laurdag. Søndag er det venta praktfulle forhold under Norgescupen.  Foto: Roger Oldeide

Det snøva godt under første del av rennet laurdag, men etterkvart vart det praktfulle forhold i Bjørkelibakken som fekk mykje skryt blant deltakarane som Fjordingen snakka med.

- Ein fantastisk bakke! Det er praktfullt her, og desse fjella er heilt utrulege, seier eit knippe unge kvinnelege hopparar.

På plass Arrangør og cup-vert Oddvin Myklebust og arrangementssjef i Norges skiforbund, Morten Lein var på plass i høve Norgescupen.   Foto: Roger Oldeide

Arrangementssjef i Norges skiforbund, Morten Lein, er tydeleg på kva han tykkjer om Bjørkelibakken.

- Dette er eit av dei flottaste anlegga vi har, konkluderte Lein.  

Sjå reportasje frå Norgescupen i tysdagsavisa