Her kjem festivalsnøen

Eit Stryn sentrum utan snø er arena for Treskifestivalen komande helg, men onsdag kveld kom snøen.

Henta snø Her er det Elias Sandbakk AS som leverar første lass med snø til Stryn sentrum onsdag kveld. Snøen er henta ved skisenteret.   Foto: Roger Oldeide

New Articles

Eit Stryn sentrum, førebels utan snø, skal igjen vere arena for Treskifestivalen som går av stabelen komande laurdag.

- Det hadde vore enklare om her var snø, men det er det jo ikkje. I går måtte eg ta nokre telefonar og i dag kom snøen. Det er godt ein har gode hjelparar, seier leiar av Treskifestivalen, Torstein Tvinnereim.

Gode hjelparar Knut Håvard Egge (t.v) i Egge Transport AS er ein av fleire som bidreg til at Treskifestivalen kan arrangerast på snø laurdag. Festivalleiar Torstein Tvinnereim er sjølvsagt takksam.   Foto: Roger Oldeide

Tvinnereim siktar til mellom andre Elias Sandbakk AS og Egge Transport AS som i skyttel frakta om lag 400 kubikkmeter med snø til Stryn sentrum frå eit allereie snøfattig skisenter onsdag kveld.

Tvinnereim kan opplyse om at 20 lastebillass med snø må til for å lage den 600 meter lange skiløypa som vil sete sitt preg på Stryn sentrum i helga.

- Eg har sett kvitare snø, men det får våge seg, smilar festivalleiaren.

400 kubikkmeter snø Festivalleiaren kan konstatere at det første av 20 lastebillass er kome til Stryn sentrum.   Foto: Roger Oldeide