Kontroll av russebilar

Fjorårsvinnarane: Nordfjord sin mest trafikksikre russebil 2016 var eigd av Pauline Ytrehus, Ragnhild Taklo, Malin Henjesand Høydal, Pernille Hjelmeland, Benedikte Flaten Brekke og Jorid Kongsvoll.  Foto: Statens vegvesen

New Articles

I dag og i morgon gjennomfører Statens vegvesen russebilkontrollar ved Nordfjordeid trafikkstasjon, og kontrollen av dei første bilane er alt i gang. Godkjende bilar får oblaten «Godkjent russebil 2017». Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at dei håpar arrangementet vil vere med på å gjere russetida tryggare når det gjeld køyring av russebil.

Alle russebilane som kjem til kontroll er med på konkurransen «Nordfjord sin mest trafikksikre russebil 2017». Kåringa av vinnar, andre og tredje plass vil skje onsdag i neste veke.

Interiør frå fjorårsvinnaren.   Foto: Statens vegvesen

Dei som får manglar på kontrollen i dag eller i morgon har såleis ei veke på seg på å rette manglane som vert funne,  og likevel delta i konkurransen.

Sparebanken Sogn og Fjordane stiller opp med kr 3000 som 1. premie, kr 2000 som 2. premie og kr 1000 til 3. premie i konkurransen om Nordfjord sin mest trafikksikre russebil.