Kasta seg ut i fritt svev framfor dronninga

New Articles

- Wow! ropte tilskodarane, då fem basehopparar med Even Flo i spissen kasta seg ut frå Hoven like før gondolen med dronning Sonja kom til toppen etter opninga av Loen Skylift i dag.

Til stor jubel og applaus frå publikum flaug Even Flo, Cato Nordbakk, Kristian Tolaas Trondsen, Tom Erik Heimen og Thomas Hestad bratt nedover langs fjellsida, før kurva flata ut og dei sveva ut over Loen og etter kvart gjekk inn for landing ved Hotel Alexandra.