- Tek gjerne med heile familien hit

Dronning Sonja avdukar monumentet på Hoven, assistert av Richard Grov og Per-Helge Bø.   Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

Dronning Sonja tok gondolbana til topps etter opningsseremonien nede ved fjordstasjonen for Loen Skylift.

Her oppe avduka ho mellom anna monumentet bak fjellstasjonen: Ikkje heilt uventa ein stor hestesko. Det er norrøn mytologoi som skal ligge bak namnet Hoven, i fjellet nedanfor restauranten og fjellstasjonen skal ein kunne sjå avtrykk etter eine hoven til Odin sin hest Sleipner.

Leif Vinsrygg bles på lur.  Foto: Gunnhild Sindre

Til akkompagnement av Leif Vinsrygg sine tonar frå neverluren og flott song av borna frå Loen skule, som song ein eigen song om Loen Skylift, vart monumentet avduka av dronninga.

Ho vart også intervjua av Arne Hjeltnes om sine mange fjellturar i distriktet, frå Segestad og Greidung til Lodalskåpa og Hornindalsrokken.

Born frå Loen skule syng songen om Loen Skylift for dronninga.   Foto: Gunnhild Sindre

- Dette er eitt av dei flottaste distrikta i landet, med kontraster frå høgfjell og ned til fredelege dalar. Det er fascinerande, sa dronninga, som tok den første fjellturen sin her i distriktet i 1979.

Ho var full av lovord over Loen Skylift-prosjektet og pådrivarane bak dette, og forsikra at ho gjerne tek med seg heile familien neste gong.