Stengt i Oldedalen

Ras Steinar, greiner og jord sperra vegen ved Sandnes i Oldedalen søndag kveld.  Foto: Per Rune Sunde

  Foto: Per Rune Sunde

  Foto: Oddgeir Sandvik

New Articles

Fylkesveg 724 i Oldedalen er stengt grunna flaum ved Sandnes. På kort tid søndag kveld kom det store nedbørsmengder i området.

- Stein, greiner og jord ligg utover eit om lag 30 meter stort område, seier Per Rune Sunde som kom til staden like etter at raset hadde gått.

Entreprenør er no på staden for å rydde opp.

Vegtrafikksentralen fekk melding om raset rundt klokka 21.45 søndag.

Vegen er no opna, men kommunen følgjer situasjonen.