Hus totalskadd i brann

Totalskadd Huset vart totalskadd i brannen.  Foto: Fjordingentipsar

New Articles

Eit bustadhus på Robjørgane i Stryn vart totalskadd etter ein kraftig brann natt til måndag. Brannen vart meldt kl 04:14.

Dei to personane som var i huset fekk i følgje politiet redda seg ut og vart tekne med av ambulanse for sjekk. Brannsjef Jon Jatgeir Vinsrygg seier til Fjordingen at meldinga til brannvesenet gjekk ut på at huset stod i full fyr.

- Brannen hadde starta i garasje-enden av huset og hadde gått inn i romfløyen då vi kom til staden. På grunn av ferietid hadde vi berre fire røykdykkarar sjølv. Det var og vanskeleg med vasstilførsel, men vi fekk hjelp frå Hornindal med vannvogn og to mann, samt frå Olden brannvesen. Til saman hadde vi eit mannskap på 17, som alle gjorde ein flott innsats. Huset er totalskadd, sjølv om det står att litt på vestenden av huset, seier Vinsrygg.

Huset ligg rett på nedsida av fylkesvegen og var lett tilgjengeleg for brann- og redningsmannskap. Brannvesenet avslutta ettersløkkingsarbeidet ved sju-tida måndag morgon.