I gang med oppryddinga

Opprydningsarbeidet er i gang etter flommen. Ordførar, teknisk sjef i kommunen og fylkesmannen er no i Utvik for å sjå på forholda. Sommardagane i Utvik er avlyst.

Sterke inntrykk Den vakre bygda er sterkt prega av øydeleggingane  Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Mykje å rydde opp Fleire bilar vart tatt av flommen  Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

I gang med å rydde opp Fleire gravemaskiner og mannskap er i gang med å rydde opp  Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Advarar mot unødvendig båtferdsel Fjorden er full av materiell, plast og skog som elva har dratt med seg  Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

New Articles

Fleire av dei Fjordingen snakka med kunne fortelle om dramatiske hendingar då ein container drog med seg brua og autovernet ved storelva i sentrum av bygda. Det ligg enorme mengder med skog, materiell og plast rundt omkring som elva har dratt med seg. Folk blir advara mot å ferdast på fjorden utanfor på grunn av store mengder skrot i sjøen.

Sommardagane er avlyst

"Sommardagane 2017 går desverre ut. Reknar med alle har forståing for dette etter den tragiske flommen i bygda i går. Heile bygda er råka, men sjølvsagt mest dei som fekk eigedomane sine øydelagde. Godt at ingen menneske gjekk tapt eller vart skada. Oppryddinga tek nok tid, men vi er viss på at Sommardagane er tilbake i framtida", skriv Sommardagane i Utvik på si facebookside.