Utvidar opningstid gjennom Utvik

Kontinuerleg kolonnekøyring for lette køyretøy

Fredag morgon vert det opna for kontinuerleg gjennomkøyring med ledebil i Utvik.  Foto: Statens vegvesen

New Articles

Statens vegvesen melder i ei pressemelding torsdag at ordninga med omkøyring for lette køyretøy gjennom Utvik blir utvida. Etter å ha starta med ein time gjennomgangstrafikk på den midlertidige omkøyringsvegen fire gongar pr. dag, vert det frå fredag morgon kl 07.00 kontinuerleg kolonnekøyring for bilar inntil 3,5 tonn. Omkøyringsvegen vil vere open mellom klokka 07.00 og 21.00, med kontinuerleg kolonnekøyring med ledebil. Det kan bli ventetid i periodar.

- Vi har hatt gode erfaringar med opning for gjennomkøyring fire gongar i døgnet, og har fått avvikla ein del massetransport. Det gir oss rom for å utvide ordninga, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Den midlertidige vegen som går gjennom Hage er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor framleis styrt trafikkavvikling og ledebil.

- I starten kan skiltinga vere noko misvisande enkelte stader, då det kan ta litt tid å få oppdaterte skilt på plass. Reparasjonsarbeidet i Utvik går framleis for fullt, og entreprenør er godt i gang med å forskale brukaret som skal reparerast. Utvaska strekningar er fylt på med masse, og det skal støypast støttemur langs ein del av strekninga og gjerast plastringsarbeid. I tillegg til anleggsarbeidet i Utvik, vil det føregå arbeid på strekninga Byrkjelo – Utvikfjellet. Her er det strekningar med utvaska og svake vegkantar som treng reparasjon, opplyser Finden..