- Nesten ikkje til å tru

Hornindalsordføraren om forsøplinga i Hornindalsvatnet

Frå arkivet Ei annonse på trykk i Fjordingen i 1977.  Foto: Roy Aron Myklebust

New Articles

Fjordingen har sett søkelys på denne saka gjennom både filmreportasje og ei rekkje artiklar. Eit dykk i eige avisarkiv viser at Hornindal kommune sjølv tok til orde for å dumpe bilvrak i Hornindalsvatnet.

Sjå filmen: Sjå kva vi fann i Hornindalsvatnet

Hornindalsordførar Stig Olav Lødemel seier det er kjend at dette vatnet har vore nytta til dumping av bilvrak.

Spesielt – Det er spesielt å lese at kommunen sjølv vurderte ei slik løysing, seier ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel. 

– Men det er spesielt å sjå omfanget. Det er og spesielt å lese at kommunen sjølv vurderte dumping av bilvrak i vatnet som ei god løysing. Det er nesten så ein ikkje kan tru det er sant. Verda har heldigvis gått framover, seier Lødemel.

Hornindal kommune har no søkt om midlar til å gjere diverse prøver av vatnet.