Kjøper tilbake Moods of Norway

Opnar dørene igjen!

What happens in Stryn, stays in Stryn... - Moods of Norway vil framleis ha hovudkontor og butikkar i Stryn, seier Jan Egil Flo.   Foto: Thomas Thaule

New Articles

Jan Egil Flo, Simen Staalnacke og ei gruppe tilsette har kjøpt tilbake konkursbuet etter Moods of Norway.

- Vi har kjøpt tilbake heile konkursbuet, Brandstad-kjeden, Moods USA, Moods Sverige, varelager, innbu .... og varemerket, sjølvsagt. Alt! seier Jan Egil Flo til Fjordingen.

Dette betyr at Moods of Norway framleis vil ha hovudkontor og butikkar i Stryn.

- Det vi har fått av tilbakemeldingar frå folk i Stryn er at det ville vore trist om Moods ikkje lenger heldt til her, seier Flo.

- Kva sum er det snakk om for buet?

Opnar dørene igjen - Vi måtte jo redde selskapet. Vi har framleis tru på det, seier Jan Egil Flo.   Foto: Roger Oldeide

- Det kan eg ikkje seie noko om, seier Flo, og viser til bustyrar i dette spørsmålet.

- Kva med dei tilsette i Stryn som misste jobben i konkursen?

- Dei som ikkje alt har fått seg annan jobb får jobben tilbake. Dei tilsette fekk beskjed i går, seier Jan Egil Flo.

- Kva skjer no framover?

- Vi opnar opphørssal i butikkane til helga, og det blir full drift i desse ut året. Deretter må vi finne ut korleis drifta skal bli og korleis vi skal organisere oss. Til dømes er talet på butikkar i framtida usikkert.


- Kvifor har de kjøpt tilbake konkursbuet?

- Vi måtte jo redde selskapet. Vi har framleis tru på det.