Beslagla førarkort i 60-sona

New Articles

Politiet har hatt fartskontroll i Olden i ettermiddag.

Ein førar fekk førarkortet beslaglagt. Han hadde 6 prikkar i førarkortet frå før, og etter å ha blitt målt til 84 km/t i 60-sone fekk han tre nye og måtte gje frå seg førarkortet for ei stund.

Det vart også skrive ut eitt forenkla førelegg for 82 km/t i 60-sone.