Her er Håvard frå NRK Super

Håvard Paulsen frå NRK Super hadde taket på sitt unge publikum. Foreldra også, forresten.   Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

Det var triveleg stemning i lavvoen på Strynemessa då Håvard Paulsen frå NRK Super tok fram gitaren og entra scena.

Dette var tydeleg midt i blinken for det yngste messepublikummet, og eit fint høve til å ta litt fri frå hektisk tivoliaktivtet.

Paulsen kommuniserte godt med sitt unge publikum, som deltok engasjert og svarte ivrig kvar gong helten frå Barne-TV stilte eit spørsmål eller spurde om hjelp frå salen.