Skiskyting

Verdscupstafetten tilbake i Kollen

Stafett Johannes Thingnes Bø gler seg over at stafett står på programmet i Holmenkollen denne sesongen.  Foto: Thomas Thaule

New Articles

Etter eitt års fråvær gjer stafett comeback på verdscupprogrammet til skiskyttarane i Holmenkollen komande sesong.

– Stafett er jo favorittøvinga til Norge. Førre gong det var stafett her vann vi gull, så vi vil gjerne bli heia fram til ny siger. Det er alt eg ønskar meg, seier skiskyttarstjerna Johannes Thingnes Bø.

Stafetten han viser til er frå 2016. Norge vann då VM-gull på både herre- og kvinnesida i det som var ein stor folkefest på heimebane.

Verdscupen i Holmenkollen startar med sprint torsdag 15. mars. Jaktstart for menn og kvinnestafetten går laurdag, medan rollene er snudd dagen etter. Sist vinter vart det sett rekord med 24.000 selde billettar til verdscuprenna i Holmenkollen.

Arrangøren har tru på endå betre tal no som stafett er tilbake på programmet.

– I stafett står vendepunkta i kø og spenninga er stor. Det er også ei svært attraktiv øving for publikum, så vi har trua på endå eit rekordår, seier dagleg leiar Kristin Vestgren Sæterøy i Holmenkollen Skifestival.

(©NPK)