Strynefjellsvegen opna att kl 12

Grasdalen litt før kl. 10.00 i dag.   Foto: Statens vegvesen, webkamera

New Articles

Rv 15 Strynefjellsvegen har vore stengd på grunn av snøskred sidan 1. juledag. Og før det var vegen stengd 22. og 23. desember.

I dag har det vore geolog og gjort vurderingar på staden, og vegen vart opna kl. 12.00, opplyser Asbjørn Stensrud, seksjonsleiar drift ved Statens vegvesen i Oppland til Fjordingen.

Han seier veret no har stabilisert seg, og skredvarselet som har vore 3 og 4 gjennom jula er no redusert til faregrad 2. Dermed er det og håp om at Strynefjellsvegen vil vere open i tida som kjem.

Du finn lenkje til Statens vegvesen sine trafikkmeldingar øvst på Fjordingen.no.