Treskifestivalen:

Klare for festival

Fjordingen livestreamer Treskifestivalen i Stryn

Sekreteriatet F.v: Margrethe Skrede og Margrethe Arntsen er på plass saman med (bak f.v) Ove Andrè Årskog, Jens Christian Skrede og Ole Jakob Osvold   Foto: Roger Oldeide

New Articles

Dei siste førebuingane gjerast i Stryn sentrum før 10 årsjubileumet av Treskifestivalen laurdag. I år som i fjor, er snøen komen på plass i sentrum. Telt er rigga og startnummer og billettane ligg klare.

- Vi reknar med at omlag 100 born og rundt 150 vaksne stiller til start i det uhøgtidlege skirennet. Veret er fint, så no er det berre å ta turen til sentrum, oppmodar Jens Christian Skrede i sekreteriatet.

Fjordingen, via Radio Stryn, vil livestreame årets Treskifestival som går av stabelen kl. 14 ved Per Bolstad plass. Fylkesordførar Jenny Følling og stryneordførar Sven Flo vil stå for den offisielle opninga.

Rette sorten Ikkje siste skrik, men full score på sjarme  Foto: Roger Oldeide

Sjå glimt frå Treskifestivalen 2017