Femteplass på Fannemel

Pallen glapp: Anders Fannemel vart nummer fem i storbakke-NM onsdag ettermiddag.  Foto: Tadeusz Mieczynski (arkiv)

New Articles

Det vart til slutt ein femteplass på Anders Fannemel då NM i hopp, stor bakke, vart arrangert i Holmenkollen onsdag.

Det såg rett så lovande ut for norgesmeisteren frå 2013 etter første omgang. Honndølen fekk opp eit solid hopp på 130,5 meter og hadde berre Johann Andre Forfang og den suverene leiaren Robert Johansson føre seg på resultatlista.

I andre omgang slo imidlertid Fannemel av 9,5 meter, og 121 meter heldt ikkje i selskap med dei andre i toppen. Både Marius Lindvik (3. plass) og Joacim Ødegård Bjøreng (4. plass) passerte Fannemel på den endelege resultatlista.

Johann Andre Forfang beheldt sin andreplass, og Robert Johansson forsvarte leiinga han hadde frå første omgang. Dermed var det Johansson som også kunne ta med seg kongepokalen heim.