No kjem desse karane og svingar seg i undgomshusa

No kjem desse karane og svingar seg i ungdomshusa

New Articles

Suksessframsyninga På lokalet er ute på turné igjen. I 2016 turnerte danseteateret rundt på ungdomshus i heile fylket, mellom anna i Heimlund i Innvik.

Ingen hadde vel sett føre seg kva slags suksess dette skulle bli. Sogn og Fjordane Teater fortel om lange køar og trengsel i døra. Publikum blei stabla i høgda, og fleire måtte diverre gå slukøyra derifrå. Det var rett og slett ikkje plass. Sogn og Fjordane Teater sette opp ekstraframsyningar og la til spelestader, men til slutt var det inga bøn. Siste klinedans tona ut.

No er det klart for "ønskereprise" til mange av dei husa som ikkje fekk besøk sist. Denne gongen er det mellom anna Aldaheim i Olden, Dølheim i Hornindal og Oppstryn Grendahus på Fosnes som får besøk av Sogn og Fjordane Teater.

Alle som vaks opp i distrikts-Norge i etterkrigstida har på ein eller annan måte eit forhold til ungdomshuset, "lokalet". Her vart det arrangert dansefestar, folkemøte, basar, bingo, trim og danseskular.

Vennskap, den første kjærleiken, avvisning og hjartesorg, fyll og spetakkel, den første klossete dansen og kyssen bak hushjørnet – alle har vi ulike bilete med oss frå ungdomshuset  i bygda vår. Nokre beherska denne sosiale arenaen til fulle, medan arenaen baud på større utfordringar for andre. Gjennom "På lokalet" får publikum vere inn i ungdomshuset og møte alle desse skjebnene.

Det vert hælar i retning taket og høgt tempo på dansegolvet. Dansarane går inn og ut av tidsriktige kle og dansetrinn. Vi er innom etterkrigstida med leggevatn og hårrullar,  50-talet med boggie-woogie og store underskjørt, 60-talet med gabardinbukser og heimespøta kofter, 70-talet med slengbukser og rysjeskjorter og 80-talet med pastellfargar og skulderputer.

Utafor lokalet gjekk verda vidare og samfunnsutviklinga sin skeive gang. Som SOFT understrekar: Vår nære fortid, landet og verda gjekk gjennom store endringar, medan dansen gjekk på lokalet. Samværet og dansen forandra seg også, og verda vart aldri den same igjen.

Medverkande: Idun Losnegård, Anne Guri Tvedt , Christer Tornell, Erlend Auestad Danielsen, Joakim Thrane , Vilde Viktoria Madsen, Åse Marie Eide Rannestad.

Foto: Espen Nyttingnes/Rakkar, Sogn og Fjordane Teater